• Heim
  • Våre tenester
  • Innleggssolar

Innleggsolar

Hjå Voss Kiropraktorkontor tilbyr me formbare sålar frå GaitTec, utvikla av Dr. Charlie Baycroft, som vert tilpassa etter pasienten sitt behov. Desse sålane kan enkelt byggast for å gi optimal støtte under foten og kan tilpassast for dei med stukturelt ulike lengd på beina. Solane kan vera til god hjelp for pasientar med feilbelastning i foten, noko som ofte kan føre til plager i fot, ankel, kne, hofte eller rygg. Innleggsolar er ofte til god hjelp ved akillessene betennelse og plantar fasciitt.

Fotrelaterte plager

Vanlege fotrelaterte plager som kan lindrast med GaitTec-sålar inkluderer smerter i skinnebein, hæl, kne, akilles og forfot. Feilbelastning i foten kan påverka resten av kroppen, og det er difor viktig å få riktig tilpassa sålar. Vi tilbyr ei grundig vurdering og tilpassing av GaitTec-sålar ved hjelp av fleire testar som avdekkjer avvik i gangsyklus og gangmønster.

Desse testane gjer det mogleg å avdekke feil i gangen, og med tilpassa sålar kan vi bidra til å forbetre gangen og gi betre støtte. Vi tilbyr tilpassing av sålar for ulike smertetilstandar, som plantar fascitt, mortons nevrom, hallux valgus, forfotsmetatarsalgi og irritasjon av fettpute under hælen, for å nemne nokre.

Ta kontakt med Voss Kiropraktorkontor for å få tilpassa dine sålar!