Kurs og aktuelt:
TRE kurs
Kursleiar: Siv Jøssang Shields
Påmeldingsfrist: 25. februar 2025
Pris: 1950,-
Stad: Voss Kiropraktorkontor tredje etg.
25/februar / 2025 / 15:00 – ca19:00
HjarteTRE
HjarteTRE er TRE sett saman med metodar frå HeartMath. Ein spennande kombinasjon av TRE, pusteteknikk og ei guida indre reis til kontakt med styrkande emosjonar. Du lærer ein måte å få endå meir nytte av TRE -praksisen din og å ta det med deg ut i kvardagen. Du blir introdusert til ressursar som du kanskje ikkje visste du hadde, og korleis du kan tappa inn i dei. Det kan hjelpa deg til å vera mindre spent i kvardagen, handtera påkjenningar betre, takla utfordringar med meir ro og oppleva meir glede.
Personleg Trenar
Treng du inspirasjon og kunnskap til å trena? Kanskje kiropraktoren sa det kunne hjelpa deg? Rutger er personleg trenar med mykje erfaring. Han tilrettelegg treninga di i samråd med kiropraktoren din og lagar program tilpassag og din treningsmåte, om du vil trena heime hjå deg sjølv med eige utstyr, eller på eit treningstudio. Han lagar ein plan til deg og fylgjer deg gjerne opp.
Han jobbar og saman med NTNU som forskar på trening som rehabilitering etter hjarteinfarkt og førebygging for tilbakefall. Han har svart belte i både Judo og Brasiliansk Jiu Jitsu.
Send melding eller ring han på 952 49 546
Hjernerystelse
Kva er hjernerystelse?
Ein hjernerystelse er ein mild, mellombels skade som oppstår når hjernen bevegar seg brått inne i hovudskallen, vanlegvis etter eit kraftig slag mot hovudet eller kroppen. Denne rørsla fører til ein biokjemisk ubalanse i hjernecellene, som gjer at blodstraumen til hjernen vert redusert og fører til mellombels energimangel. Vanlege symptom kan vere hovudverk, trykk i hovudet, nakkesmerter, kvalme, svimmelheit, tap av medvit og problem med balansen.